Personal tools
You are here: Home Documents Resolutions Florence resolution Norsk nynorsk

nynorsk

Firenze-resolusjonen
om

språkbruk i undervisning og forsking i universitets- og høgskulesektoren

I heile Europa er det i våre dagar ein aukande tendens til å bruke engelsk som språket for akademisk undervisning og forsking. Denne tendensen er sterkare i naturvitskapane enn i humaniora. Tendensen til å ta i bruk ein «politikk med berre engelsk» i vitskaplege publikasjonar og som det einaste diskursspråket på internasjonale (og endatil nasjonale) konferansar, er raskt aukande. I slike tilfelle er det ingen tvil om at det ein vinn i form av betre kommunikasjon internasjonalt, går ut over alle andre språk enn engelsk.

I samfunnsvitskapane og humaniora er situasjonen den same. I land som ikkje er engelskspråklege, kan det synest som trongen til å vere ein del av det internasjonale vitskapsmiljøet krev at ein bruker engelsk heller enn nasjonalspråka.

Denne haldninga, som grip stadig meir om seg, utgjer ein svært reell språkleg, kognitiv og kulturell risiko. Engelsk er ikkje eit nøytralt kommunikasjonsmiddel som høver for alle føremål. Dersom ein i all hovudsak, eller endatil berre nyttar engelsk, blir viktige tradisjonar, omgrep og metodar som er utvikla på andre språk, ignorerte eller gløymde. Dessutan kan hovudtendensen i dei ulike fagområda – som avgjer kva tema og problem som er mest relevante – lett bli dominert av personar frå engelskspråklege land. Det har allereie vist seg at dette påverkar tildelinga av økonomisk støtte til forsking i andre land.

  • EFNIL, samanslutninga av dei sentrale institusjonane for dei offisielle språka i mange europeiske land, er svært uroa over den tendensen ein no ser til å bruke engelsk som akademisk undervisningsspråk i land som ikkje er engelskspråklege. Denne tendensen til å bruke engelsk i staden for standardspråket i dei ulike landa i undervisning og forsking i universitets- og høgskulesektoren, innskrenkar domena til desse språka og korleis dei utviklar seg og set dermed språkmangfaldet i Europa i fare, eit mangfald som er avgjerande for kulturmangfaldet og den kulturelle rikdommen i verdsdelen vår.
  • EFNIL innser heilt og fullt at det er praktisk å bruke engelsk som støttespråk når forskarar som ikkje har noko anna felles språk, skal kommunisere med kvarandre. Likevel åtvarar dei mot å bruke forenkla varietetar av engelsk som det dominerande eller einaste undervisnings- og publiseringsspråket i andre språkmiljø, då dette nedvurderer dei andre språka og fører til at dei gradvis blir mindre og mindre eigna til vitskapleg diskurs. Det seier seg sjølv at dette også legg ekstra press på lærarar og andre som underviser, og også på studentar som kanskje ikkje får utnytte kreativiteten sin fullt ut.
  • EFNIL innser fordelane med å bruke engelsk som internasjonalt kommunikasjonsspråk, særleg i naturvitskapane, der endatil ei forenkla form for engelsk kan vere til hjelp når ein skal forklare andre internasjonale teiknsystem som matematiske uttrykk, tabellar, kjemiske formlar og grafiske framstillingar. Ein må likevel oppmuntre til å bruke andre språk i tillegg til engelsk på desse områda, slik at ein kan halde fram med å utvikle ein vitskapleg diskurs på høgt nivå på desse språka og slik at ein kan formidle vitskaplege problem og resultat til allmenta.
  • Forskarar bør bruke morsmålet sitt og dessutan dei språka som eignar seg innafor rammene av fagfeltet deira. Det er ikkje naudsynt å unngå engelsk fullstendig, men dei bør sjå på bruken av engelsk som berre eit underordna middel til å vise kor relevante argumenta og resultata deira er.
  • Difor kjem EFNIL med ein sterk appell til dei akademiske og politiske styresmaktene i dei landa i Europa som ikkje er engelskspråklege, om at dei oppmodar lærarar og studentar til å bruke dei respektive nasjonalspråka sine til forsking og studiar.
  • Av omsyn til det kulturelle og språklege mangfaldet i Europa kjem EFNIL også med ein appell til professorar, studentar og universitets- og høgskuleadministrasjonar i dei engelskspråklege landa om å leggje vinn på å studere og bruke andre europeiske språk. Dette vil bidra til å ta vare på det språklege mangfaldet i Europa og dei verdiane som ligg i det.

 

(godkjend av EFNILs generalforsamling på Accademia della Crusca 28. september 2014)

Document Actions