Personal tools
You are here: Home Documents Resolutions Budapest Resolution norsk Nynorsk

Nynorsk

BUDAPEST-FRÅSEGNA

OM DEI LEKSIKALSKE UTFORDRINGANE I DET MANGESPRÅKLEGE EUROPA

 

1.    Det europeiske forbundet for nasjonale språkinstitusjonar (EFNIL) etterlyser ein mangespråkleg språkinfrastruktur for heile Europa som ein grunnleggjande føresetnad for eit verkeleg mangespråkleg  Europa og fleirspråklege innbyggjarar.

 

2.    Utvikling av ein moderne leksikografisk infrastruktur av høg kvalitet som består av gode (parallelle) korpus, ein-, to- og mangespråklege ordbøker og leksikalske databasar, tesaurusar, terminologidatabasar, ordnett og samanliknbare leksikalske verktøy og instrument, er ein conditio sine qua non for læring og bruk av (framand)språk hjå europeiske innbyggjarar, for omsetjing og tolking og for mangespråkleg analyse av tekstar i tekniske system og produkt.

 

3.    Grunnleggjande leksikalske ressursar og samlingar av høg kvalitet bør i det minste finnast for alle dei offisielle språka i EU. Dei bør inkludere tospråklege verktøy og ressursar for språkpar som den kommersielt orienterte språkbransjen ikkje syter for.

 

4.    Med utgangspunkt i at den naudsynte leksikalske infrastrukturen har ein mangespråkleg dimensjon som strekkjer seg lenger enn omfanget av ein einskild språkregion eller eit einskilt land, ventar ein at EU speler ei aktiv rolle i utviklinga av infrastrukturen for det offisielle språket / dei offisielle språka i kvar medlemsstat.

 

5.    EFNIL bed difor både styresmaktene i medlemsstatane og Europakommisjonen og andre relevante EU-organ om

     (a) å fremje utvikling og tilgjengeleggjering av tospråklege ordbøker og samanliknbare digitale verktøy og internettbaserte tenester for alle språkpar det er eit klart behov for i dei respektive språksamfunna, uavhengig av kommersielle argument for produksjon og marknadsføring av slike produkt

   (b) å stimulere nyskapande teknologi og metodar som utnyttar nye måtar å lage leksikalske produkt på, mellom anna dei moglegheitene crowd-sourcing gir, og å tilby solid støtte til relevante ekspertnettverk og samarbeidsprosjekt hjå dei leksikalske institutta i dei ulike medlemsstatane i EU

(c) å fremje partnarskap mellom offentlege og/eller offentlege og private organisasjonar og slik skape nye moglegheiter for utvikling av ein konkurransedyktig språkbransje i EU som registrerer dei faktiske behova til dei ulike språksamfunna i EU

(d) å sikre at infrastrukturelle aspekt blir fullstendig integrerte i all EU-politikk for å fremje europeisk mangespråklegheit, fleirspråklegheit og språklæring

 

6.     EFNIL tilbyr ekspertisen sin til dei som skal utforme og følgje opp politikk som tek fatt på denne utfordringa.

Document Actions