Fretland - Norsk
Jan Olav Fretland – Norsk språkråd
Den mest kjende forlagsmannen i Noreg, Henrik Groth, skal ein gong ha sagt at Noreg har
vore utsett for to store landeplager: Svartedauden og landsmålet (nynorsken). Eit slikt sitat,
om enn ironisk, understrekar alvoret i målstriden i Noreg, og gjev noko av forklaringa på
behovet for å diskutera statleg regulering av forholdet mellom målformene.
I dette foredraget skal eg gje ei svært kort framstilling av status og utbreiing for bokmål og
nynorsk, og gjennom konkrete eksempel frå eitt regulert område, vurdera verdien av
samanhengjande statlege reguleringstiltak i snart 120 år. Forholdet mellom bokmål og
nynorsk kan på mange måtar seiast å ha parallellar til forholdet mellom engelsk og andre
europeiske nasjonalspråk. Det er derfor mitt håp at vurderingane frå norsk språksituasjon kan
vera eit bidrag til hovudtemaet for dagen. Eg vil alt her varsla mitt prinsipielle standpunkt,
som er at det underlegne språket, nynorsk, ville ha hatt ein heilt annan og mykje meir
underlegen posisjon i samfunnet utan reguleringstiltak.
Det spesielle med den norske språksituasjonen er at me har to nokså like variantar av det
norske skriftspråket. Dette er vanskeleg å forstå for mange utlendingar, sidan både bokmål og
nynorsk er forståeleg for så å seia alle nordmenn. Me må då minna om det fundamentalt ulike
utgangspunktet for dei to språka: Bokmålet er det tradisjonelle statusspråket, med
utgangspunkt i dansk etter ein 400 års union mellom Danmark og Noreg. Bokmålet er
skriftspråket for makteliten, oppbygd omkring språket i embets- og borgarstanden i
hovudstaden Oslo. Nynorsk vart til som eit opprør mot dette språket og den kulturen det
representerte. Språkgeniet Ivar Aasen ville gje bondens språk meir status, og laga eit
skriftspråk på grunnlag av dei norske dialektane. Ei fersk norsk makt- og demokratiutgreiing
(NOU 2003:19, kap. 10) framstiller utgangspunktet for norsk målstrid slik:
Norskdomsbevegelsen (med nynorskrørsla, min kommentar)
og norsk nasjonalisme
urbaniseringa (34 % av skuleelvane hadde nynorsk i 1943, 15 % i 2003). Bortsett frå i sentrale
delar på Vestlandet er bokmål einerådande i næringslivet og i alle dei største avisene.
Underholdningsindustrien brukar og i hovudsak berre bokmål. På mange språkdomene med
høg status i samfunnet er bokmål altså svært dominerande. Men så har det vore gjennomført
offentlege reguleringar på ei rad område, fordi det har vore politisk semje om at begge
målformene er viktige som del av norsk språkkultur:
- Det grunnleggjande vedtaket er frå 1885, då det radikale partiet, etter at dei
konservative hadde blitt kasta ved valet, slo fast at den unge nynorsken (då kalla
landsmålet) skulle likestillast med det norskdanske skriftspråket. Dette vedtaket har
vore grunnlaget for at nordmenn har kunna velja målform på dei mest grunnleggjande
domena i samfunnet: skuleverket, i kyrkja, i lokalforvaltninga, i lokale aviser osv.
- I 1892 vart det bestemt at kvart skulestyre kunne bestemma målform i skulen. Det
førte til at over halvparten av skulekrinsane gjekk over til nynorsk på 40 år
- Frå 1912 skulle det vera skriftleg eksamen i begge målformer på gymnaset (som
tilsvarer dagens vidaregåande skule), og frå 1935 i realskulen, dagens ungdomsskule, i
dag for elevar 13-16 år. Dette er det mest omstridde temaet i norsk språkleg
likestillingspolitikk i dag.
- Frå 1930 kom det ei lov om målbruk i offentleg forvaltning, som mellom anna sikra
nynorsk obligatorisk plass i statleg saksbehandling og anna korrespondanse. Ei ny og
revidert lov om dette kom i 1984.
- I Norsk rikskringkasting, den statlege norske kringkastaren, er det eigne reglar om at
kvar målform må ha minst 25 %. Dei arbeider hardt for å oppfylla dette, har i dag
mellom 15 % og 20 % nynorsk samla sett. Dei andre etermedia har ikkje slik direkte
regulering og har svært mykje dårlegare nynorskdekning.
Det er ulike tal på kor mange som brukar nynorsk og bokmål i samfunnet i dag, men eit par
undersøkingar tyder på 13-14 % (5-600 000 menneske) nynorsk og 86-87 % bokmål.
I Stortinget har det så langt vore stort fleirtal for å halda oppe og framleis lovregulera
likestillinga mellom bokmål og nynorsk. Norsk språkråd har eit særleg ansvar for å føra tilsyn
med forholdet mellom målformene og oppfyllinga av offentlege reguleringar. Berre det
liberalistiske Framstegspartiet og delar av det konservative Høgre stiller spørsmål ved dette.
På eitt område er det som nemnt fleire som uttrykkjer tvil: Spørsmålet om det skal vera
skriftleg eksamen i begge målformer på ungdomsskule og vidaregåande skule.
Ein kan seia at Norsk språkråd arbeider med mange parallelle problemstillingar på to
språknivå:
- Styrking av norsk språkdomene, både bokmål og nynorsk, i konkurranse med
angloamerikansk språkkultur
- Styrking av nynorskens språkdomene i konkurranse med ein dominerande
bokmålskultur
Me skal no ta for oss eitt område, språkbruk i offentleg verksemd, og sjå korleis reguleringa
blir følgd opp i praksis.
Det finst altså eit lovverk for nynorsk i offentleg verksemd, sist frå 1984. Her finst det klare
reglar, t.d. om at av det skriftlege stoffet, også på internett, skal minst 25 % vera på kvar av
målformene. Norsk språkråd fungerer som tilsynsorgan, og skal gje råd og rettleiing om
korleis offentlege etatar kan oppfylla mållova. Etatane skal og levera årlege rapportar innan
31. januar om språkfordelinga. I byråkratiet er det stor motstand mot slikt tilsyn, og ein ser i
somme tilfelle direkte sivil ulydnad.
I 1994 vart det tilsett ein eigen konsulent for å følgja opp mållova i statsadministrasjonen. I
løpet av sju år såg vi ei stor forbetring av likestillingssituasjonen. Vi fekk ei mangedobling av
talet på institusjonar som oppfylte kravet om 25 % nynorsk, sjølv om det framleis manglar
mykje på at mållova blir følgd. Ein rapport frå tilsynstenesta uttrykkjer situasjonen slik:
”
Ei grunnleggjande røynsle er at (1) tilsyns- og rettleiingsarbeidet nyttar, (2) at det er
Tabellarisk oversikt over perioden 1997-2000:
År |
1-10 sider |
Over 10 sider |
Respondentar |
Tal organ |
1997 |
28 |
17 |
113 |
197 |
1998 |
31 |
15 |
104 |
222 |
1999 |
41 |
23 |
136 |
217 |
2000 |
39 |
25 |
144 |
223 |
Når det galdt tiltak, peikte Språkrådet på dei fire vilkåra som er nemnde ovanfor. I tillegg
peikte Språkrådet på to andre vilkår:
(5) Kulturdepartementet må syte for at departementa oppfyller krava, og (6) mållovsarbeidet
må få høgre status i staten.
Notatet konkluderte med følgjande framlegg:
Vi gjer framlegg om at Kulturdepartementet saman med Språkrådet set i gang eit treårig
mållovsprosjekt med det siktemål at dei fleste sentrale statsorgan ved slutten av prosjektet
skal oppfylle krava i mållova.
Enkelte tilsette er noko motlause:
”Mållovsarbeidet må prioriterast høgare dersom det skal ha meining i det heile. Etter snart
10 år med mållovsarbeid i Språkrådet er det mindre enn 13 % av statsorgana som oppfyller
krava i mållova i papirtilfanget.
Nokre sitat frå brevvekslingar med Språkrådet understrekar likesæla når det gjeld å følgja
lovverket. Legg merke til den lett moralistiske undertonen i fleire samanhengar:
(Saksbehandlar i notat til styret for Språkrådet 2003.)”Om du urettmessig har fått ei rekning på over 100 000 kroner, er spørsmålet om
Forbrukarrådet kan hjelpe deg viktigare enn målføret hjelpa vert gitt på.” (Forbrukarrådet
hausten 2003)
”Av ovannemnde grunnar ser vi det ikkje formålstenleg å fylle ut skjema for bruk av nynorsk i
2002.” (Fast årleg formulering i svarbrev frå Trygderetten)
”Arkitekthøgskolen i Oslo har få administrativt tilsette, og eit stort arbeidspress, og har difor
ikkje klart å prioritera dette arbeidet.”
Det mest dramatiske utslaget av handlingsvegring såg vi sist sommar frå Universitetet i Oslo,
landets største, med studentar frå heile landet, og med ei rad studium som berre blir tilbydd
der i Noreg. Dei søkte Utdanningsdepartementet om å få unntak frå mållova, fordi dei ikkje
såg det som realistisk å oppfylla krava til nynorskprosent. Departementet avviste saka, og
konkluderte naturleg nok med at UiO er ein nasjonal institusjon, uavhengig om det er plassert
i eit distrikt som brukar mest bokmål.
Det vesle eksemplet frå statsetatane viser at arbeidet nyttar, og at ein kan få gode resultat med
forholdsvis små ressursar. Både i staten og i NRK tilsvarer nynorskprosenten trass alt
prosenten av nynorskbrukarar i Noreg. Dersom me samanliknar med område der det ikkje
finst regulering, er forskjellen dramatisk: Nasjonale frivillige organisasjonar, næringsliv,
private mediebedrifter, dei store avisene, reklamespråket osv. Men me ser og at det er få
organ som greier å oppfylla minstekrava om likestilling. Eg nemner derfor kort eit par trekk
ved etatar som lykkast i dette arbeidet:
- Dersom det finst leiarar eller informasjonsansvarlege som er engasjerte for nynorsk,
vil det ofte gje god utteljing
- Dersom oppfylling av krava i mållova blir gjort til eit forpliktande ansvar på leiarnivå,
vil det bli danna rutinar og arbeidsmåtar som sikrar at måla blir oppfylte. Universitetet
i Bergen er eit godt eksempel på det siste. Her har det vore laga eit handlingsprogram
med konkrete arbeidsmål, med støtte frå leiinga. Det førte til at universitetet har hatt
30 – 50 % nynorsk i perioden 1997-2000, altså godt over kravet på minst 25 %.
Meldingar frå saksbehandlarane våre og annan dokumentasjon trekkjer fram ein del klare
føresetnader for å få framgang i slikt arbeid. Det viktigaste stikkordet er motivasjon, der fleire
tilnærmingsmåtar er viktige:
1 Tilbod om konsulenthjelp og støtte. Mange kjenner seg ikkje trygge nok i den
målforma dei ikkje brukar til dagleg, og ønskjer kompetent hjelp. Ei statleg
språkkonsulentteneste blir foreslått av statsråden i Kulturdepartementet i budsjettet for 2004
(1,5 millionar Nkr årleg). Truleg vil og ny datateknologi med nye, avanserte
språkversjoneringsprogram bli eitt av dei viktigaste hjelpeverktøya.
2 Arbeid for forståing av den norske språksituasjonen og for å forstå at
nynorsktilhengjarar ikkje er ein merkeleg, lett fanatisk rase som vil plaga fleirtalet som
brukar bokmål
3 Profesjonelle byråkrati, som lagar handlingsplanar og blir stilt til ansvar viss måla i
planane ikkje blir oppfylte.
4 I tillegg må det sjølvsagt stillast nok ressusar til rådvelde for å kunna føra nødvendig
tilsyn
Ein intens diskusjon går i dag mellom dei som meiner at motivasjon og støtte er nok, og
dei som i tillegg ønskjer innført sanksjonar mot etatar som bryt likestillingsprinsippet
grovt. Noverande statsråd ønskjer ikkje eit ris bak spegelen, men meiner stimulering er
vegen å gå. I Språkrådet meiner me at i grove tilfelle av lovbrot bør det vera høve til å gå
inn med sanksjonar. Aktuelle verkemiddel kan vera refs til leiarar, budsjettreduksjonar
osv.
Med dette vesle glimtet frå ein konkret språkreguleringskvardag avsluttar eg innlegget.
Overfører me dette til dagens overordna tema, er min påstand at for å styrkja språkdomene
som er truga i mange europeiske nasjonalspråk, er det ikkje nok med motivasjon og
stimulering. Det er nødvendig i tillegg å drøfta handlingsplanar for og offentleg støtte til
styrking av nasjonalspråket. På nokre område er det nødvendig også med direkte
regulering av forholdet til angloamerikansk språkpåverknad.
Kva form slik støtte og regulering bør ha, og ikkje minst korleis ein ikkje bør driva
regulering, overlet eg til debatten seinare i dag å ta opp.
arbeidskrevjande, og (3) at vi manglar avgjerande verkemiddel i arbeidet.
Kulturdepartementet har overført omfattande oppgåver i samband med mållova til Norsk
språkråd, men departementet har ikkje gjeve Språkrådet dei verkemidla som trengst, og (4)
Kulturdepartementet sjølv har vore svært lite synleg i mållovsarbeidet etter at St.meld. nr. 13
(1997–98) vart lagd fram.”
Nynorsk er altså opprøraren frå det rurale Noreg, i konstant fare mellom anna på grunn av
sprang ut av en kamp mot dansk kulturhegemoni og svensk politisk dominans. Den urbane
overklassekulturen ble oppfattet som mindre nasjonal. Målrørsla definerte seg inn i et
nasjonalt og folkelig prosjekt. Samtidig har den vært ikke-hegemonisk og opposisjonell.
Norskdom og nynorsk ble paradoksalt nok en motkulturell bevegelse i Norge. Den var også
regionalt basert, med front mot hovedstaden. Dette perspektivet tegner en kontrast til
situasjonen i mange andre europeiske land, som Sverige eller Frankrike, der hovedstaden
utgjorde kjernen i det nasjonale prosjektet, båret fram av en urban overklasse.
Positive og negative verknader av lovgjeving og anna offentleg regulering
som verktøy i forholdet mellom dei to norske målformene bokmål og
nynorsk